Intensjonsavtale om å utvikle nasjonalt ”treningssenter” for offshore vindparkar ved Sikkerhetssenteret i Måløy
(02.03.2010)
Intensjonsavtale om å utvikle nasjonalt ”treningssenter” for offshore vindparkar ved Sikkerhetssenteret i Måløy
Senterdirektør John Olav Tande ved NOWITECH og Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Nils R. Sandal signerte i dag ei intensjonsavtale om å utvikle eit nasjonalt senter for utvikling og utdanning innan installasjon, drift og vedlikehold av havmølleparkar knytt til Sikkerhetssenteret i Måløy.
Sikkerhetssenteret i Måløy har ein av Norges mest avanserte 360-graders skipssimulatorar, og har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala offshore vindparkar. Her er det mulig å teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft. Intensjonsavtalen vart signert i Måløy i samband med Vindkraftforum 2010, arrangert av Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen var til stades under signeringa og fekk demonstrert heilt nye, spesialutvikla modellkøyringar for realistisk sikkerhetstrening i offshore vindparkar.
- Det er behov for radikale forbedringer i teknologi for drift, vedlikehold og installasjon av offshore vindmøller. Å kunne kjøre avanserte simuleringer av slike løsninger før de prøves ut i full skala, slik det legges til rette for ved Sikkerhetssenteret i Måløy, er av svært stor verdi for hele bransjen. Fasilitetene som bygges opp i Måløy kan bli av stor betydning både for utdanning, FoU-aktiviteter og kommersielle aktørers satsing på offshore vindkraft, ikke minst for bedre HMS og sikkerhet, sier senterdirektør John Olav Tande om bakgrunnen for at NOWITECH teiknar intensjonsavtalen.
NOWITECH (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology) er ett av de nasjonale forskingssenterne for miljøvennlig energi som ble opprettet av Regjeringen i 2009. NTNU, SINTEF og Institutt for Energiteknikk (IFE) er sentrale partnere i NOWITECH.
- Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort på å bygge opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy no får gjennomslag nasjonalt, seier Fylkesordførar Nils R. Sandal. Fylkesordføraren peikar også på at Sikkerhetssenteret er ein del av eit større teknologimiljø i Måløy retta inn mot offshore vind, med m a eit hydrodynamisk testsenter for marine operasjonar (Stadt Towing Tank), eit samla produktutviklingsmiljø innanfor kompositt (EasyForm) og selskap som arbeider med å bygge spesialutvikla fartøy og teknologi for trygg tilkomst til offshore vindmøller (S-Cat bygd ved Måløy Verft og Sea Bridge utvikla av Brothers AS).
Kontaktperson NOWITECH: Senterdirektør John Olav Tande, tlf 913 68 188
Kontaktperson Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkesordførar Nils R. Sandal, tlf 915 52 219.
Vindkraftforum Sogn og Fjordane: Styreleiar Alfred Bjørlo, tlf 480 82 652.
|