Kyst-Norge saman om havvind
(12.04.2010)
Skal Norge kunne hevde seg på offshore vind, må vi ha opp eit test- og demonstrasjonsprogram, seier Jan Onarheim, prosjektleiar for Demo 2020. Demo 2020 er eit samla initativ for eit nasjonalt test- og demonstrasjonsprogram innan offshore vind. Vindkraftforum Sogn og Fjordane deltek i Demo 2020 saman med dei to norske forskningssentera for havvind, NOWITECH og NORCOWE, Arena Vindenergi, Arena Now og vindklynga i Møre og Romsdal. Aktørane bak Demo 2020 har send et brev til Olje- og energidepartementet og Nærings- og handelsdepartementet der dei tar til orde for å opprette eit test - og demonstrasjonsprogram frå neste år.
|