Representantskapsmøte i Vindkraftforum Sogn og Fjordane 11. november i Florø
(27.10.2010)
Haustens representantskapsmøte i Vindkraftforum Sogn og Fjordane vil verte halde på Quality Florø Hotel i Florø torsdag 11. november 2010. På møtet vil styret i Vindkraftforum Sogn og Fjordane fremje forslag om å gjere om Vindkraftforum Sogn og Fjordane frå prosjekt under fylkeskommunen i Sogn og Fjordane til medlemsbasert foreining, dvs.eiga juridisk eining. Elles vil vi på møtet ha ulike fagtema for presentasjon av havvind-rapporten, utbygging av vindkraft onshore/offshore, og leverandørnettverk vindkraft. Sjå og vedlagde invitasjon som er sendt til medlemene i Vindkraftforum Sogn og Fjordane for detaljar. Vedlegga til innkallinga vert lagt ut under medlemspålogging
|